Norgesløpet VossaRudl´n 2010

Køyretøy Historisk Klubb Voss har lang erfaring med å arrangere VossaRudl’n og søkte difor om å få arrangere Norgesløpet 2010. Me vart tildelt Norgesløpet og har valt å kombinera Norgesløpet VossaRudln 2010 helga 4. %96 6. juni 2010. Arrangøren er utruleg glad for at så mange har vist si interesse for løpet me arrangerer. I den forbindelse ynskjer me å informera om fylgjande:


Køyretøy Historisk Klubb Voss har alltid sett løpsdeltakaren si oppleving i framsetet. Det er viktig for oss, som arrangør, at deltakaren sit att med eit totalinntrykk av å ha hatt glede og utfordring av å delta i sjølve løpet samt å ha fått opplevd Voss på ein heilt spesiell måte. Det er også viktig at kvar enkelt deltakar kjenner at tryggleiken i forhold til deltakarens køyretøy, andre køyretøy og området rundt vert i vareteke.  


Me har no 158 påmelde til løpet (og 28 som står på venteliste) og av den grunn har me funne det fornuftig å stenge for vidare påmelding både av kvalitetsmessige og tryggleiksmessige årsaker. 


Det har i etterkant av påmeldingsstopp vorte sett spørsmål til om ein arrangør har rett til å setje tak på antal deltakarar.


Arrangøren har sett seg grundig inn i vedtekter for Norgesløpet vedtekne på landsmøtet 2006. Allerede i innleiinga vert det presisert fylgjande:

”LMK ønsker at arrangementet foregår på en rederlig, forsvarlig, effektiv og positiv måte som er til gagn for kjøretøyhobbyen i sin helhet”.


Vidare står det:

”Arrangøren av Norgesløpet må ha deltakernes interesser og trivsel som rettesnor”.


Me viser også til vedtekt pkt 5. Deltakerantall:

”Norgesløpet skal være åpent for minst 100 kjøretøy. Utover dette er det opp til arrangøren å sette en øvre grense ut ifra det som er praktisk gjennomførbart. I utgangspunktet settes tak i de respektive klasser for å gjenspeile bredden i den motorhistoriske bevegelsen.”


(Sjå for øvrig Vedtekter for Norgesløpet i si heilheit på LMK sine heimesider.)


Vonar, såleis, på forståing for at me set eit tak for antal deltakarar. Me trur at dei påmelde vil dra nytte av akkurat dette og at dei vil oppleva eit løp i samsvar, ikkje berre med sine eigne forventningar men også etter Norgesløpet sine vedtekter.



Voss, 28.03.2010

 
Ruth Kristin T Trå

løpssekretær



VossaRudl´n 2010
Gled dykk til helga 4. til 6. juni 2010
- Ny VossaRudl´n vert arrangert !!!
Meir info kan du lesa her
 
helsing sekretæren


VossaRudl´n 2008
GILDE DELTAKARAR
VossaRudl´n 2008
Tusen takk for sist !!
 
Laurdag kveld kunne nemnda pusta letta ut. Alt hadde gått bra denne gongen også, trass i nokon brot. Stor glede å møta alle deltakarar, ekstra hyggeleg å stå i sekreteriatet og få ansikt på alle namn og telefonsamtalar me har hatt i forkant av løpet!
 
Takk til alle deltakarar for tålmod ved utlevering av mapper, tålmod ved postane og tålmod i matkø. Det kan fort hopa seg opp ved desse stoppa. Postmannskapa våre rosa dykk som deltakarar for at de viste tålmod ved postane, og at ingen vart "heitare enn bilane" for å sei det slik.
 
Om ikkje lenge vil de motta resultatliste i posten/eposten.

For oss gjenstår det å ynskje velkomen til løp VossaRudl’n 2010 - omlag 5. juni ! Me kjem attende med heilt fastsett dato !!



VossaRudl´n program
Årets VossaRudl´n 7. juni
Innkvartering
 
For mange vil VossaRudl’n 2008 starta med ankomst Voss fredag kveld 6. juni. Då har arrangøren lagt til rette for deltakarane med tilbod om sentral, rimeleg og standsmessig innkvartering på Park Hotel Vossevangen: like ved startområdet. Telefon 5653 1000, E-post: booking@parkvoss.no Heimesida: www.parkvoss.no
 
Overnatting fredag til sundag:
Kr 575,- per pers per døgn i dobbelt rom inkl frukost.
Kr 825,- per pers per døgn i enkelt rom inkl frukost.

NB Du må sjølv tinga overnatting på førehand. Oppgjev at du er VossaRudl’n deltakar.

 
 
Dagsprogram laurdag 7. juni;

08:30 - 10:00: Frammøte

i startområdet ved Vangsvatnet.

(plenen framfor Fleischer’s Hotell).

10:00 - 11:00: Start program

Orienteringar - Presentasjon - Underhaldning

11:00: Løpsstart

Ekvipasjane vert presenterte og sende ut i løypa puljevis.

Med opp mot 120 deltakande ekvipasjar tek løpsstart ca 1 ½ time, frå fyrste startande ekvipasje til siste startande ekvipasje.

12:00 - 12:30: Ankomst og lunsj på Dale.

Denne helga er det Daledagar, og deltakarane får såleis ta del i desse dagane. Lunsj ca kr 50,-

14:00: Avreise Dale puljevis.

16:00 - 17:30 Målgang Voss

ESSO HMV Servicestasjon

ESSO har forsynt automobilar med drivstoff frå motorismens barndom.
ESSO har også vore vår hovudsponsor frå VossaRudl’n sin spede barndom.
20:00: VossaRudl’n Festmiddag og premieutdeling i Vossasalen,
Park Hotel Vossevangen
 
Kveldsprogram - festprogram
 
Festmiddagen startar kl. 20:00 og vil vara utover kvelden
Me har i år vore så heldige å få nytta Voss si nye storstove Vossasalen, med kapasitet til 500 gjester samtidig. Dette gjer festen til ei spesiell oppleving, då alle deltakarane vil sitje samla og nyte middag i lag, talar i lag og ikkje minst ei durabeleg premieutdeling.
Festmiddag kr 475,- per pers %96 betalast i resepsjonen, gjerne ved innsjekking.
 
Dagsprogram sundag 8. juni:
 
Løpskomiteen inviterer til tur med Hangursbana. Ein eksklusiv tur med Dinglo og Danglo - svevebane, einaste operative i sitt slag på Vestlandet, med 550 meter høgdeforskjell med panoramautsikt over Vossevangen.

Lunsj på Hangursrestauranten. Pris per person 120,- som inkluderer:

Kåseri / foredrag av tidlegare redaktør i Bergens Tidende Kjartan Rødland.



SET AV HELGA 6 - 8. JUNI 2008 !!
Då arrangerer Køyretøy Historisk Klubb Voss ny VossaRudl´n !!!!
 
PÅMELDING:
 
Last ned skjema, fyll det ut og send i retur til løpssekretær:
 
Ruth Kristin T. Trå
Øvrebøvegen 14
5710 Skulestadmo
 
eller som vedlegg på E-post til:  rk.traa@online.no
 
Anna form for påmelding vert diverre ikkje registrert!


VossaRudl´n 2008
Invitasjon VossaRudl´n 2008
NLVR 2006
VossaRudl´n 2004
VossaRudl´n 2002
VossaRudl´n 2000